O2-snappar frå Stord
Skrevet av elev Eivind Hillesund
Helland godt i gang med vintertreninga
Idar Helland (19), som i haust bytta til friidrettsklubben Vidar i Oslo, er no godt i gang med vintertreninga si. Helland har hatt eit trenarbytte og vert no trena av Martin Kjäll Ohlsson. Me var så heldige å få tak i 02-snapparen frå Stord for å få eit lite intervju mellom treningsøktene.
Korleis trivs du på Toppidrett?
- Eg trivst veldig godt på toppidrett, her får eg trena veldig bra og har gode forhold for å gå på ski når føret ikkje tillet at eg spring. Trenar og ein del på Olympiatoppen der me kan komma i kontakt med folk som har stor kompetanse. Vert kjent med toppidrettsfolk og det er spanande å høyre å læra korleis dei trenar.
Kva gjer du annleis denne vinteren enn forrige?
- Det eg gjer annleis er at eg har auka mengda ganske kraftig, men med ein fin progresjon slik at eg ikkje vert skada. Her har eg fått god hjelp av Kjäll Ohlsson, som eg syns er ein veldig dyktig trenar, og me har daglig kontakt for heile tida å justere opplegget og lytte til kroppen. Me set og fokuset på mykje sone 3 trening som vil seia terskel trening. No i vinter så vert det og mykje mengd i form av mange KM med rolig trening. Har og hatt veldig mykje basistrening for å styrka heile kroppen men med spesielt fokus på mage rygg og sidemuskulatur. Utenom det så vert det litt ski i vinter for å få stort volum på treninga.
Har du nokon spesiell treningsfilosofi?
- Eg trenar mykje rolig for eg har tru på å bygga opp ein stor aerob kapasitet*, eg tenkjer at eg har mange år å bli god på, så eg stressar ikkje. Brukar og mykje sone 3 trening om vinteren og lange drag. Fart legg eg inn litt på våren. Prøvar å trene med minst mogleg syre om vinteren for det verkar bare negativt inn på muskulaturen og restitusjon. Har folk rundt meg med stor kompetanse som hjelp meg i treningsarbeidet. Trening må også vera kjekt, så av og til må ein gjera det ein føler for.
Kva mål har du for neste sesong?
- Eg ser for meg at om eg får trena bra i vinter blir 5000m hovuddistansen min. Eg vil då prøve å klare senior-NM-kravet på 5000m. Det vert og ein del 1500m og ikkje minst 800m for å få opp farten. Sjølv om eg trenar for å springe langt er det viktig at eg ikkje droppar dei korte løpa, dei er gull verdt.
Kor mange timar trenar du i veka no?
- No ligg eg på 19t med effektiv trening. Det meste er løping, så det er mykje, og restitusjon vert prioritert sterkt. På ei veke så tilbakelegg eg litt over 140 km no, men det verte meir i vinter.
Korleis er det å driva med individuell idrett?
- Det vert mykje trening aleine, men då er samstundes seieren ekstra god når den kjem. Ein veit at alt er opp til ein sjølv. Ein må jobba hard heile tida og ha fokus. Det vert mange timar aleine i skogen, men eg får god hjelp og støtte av folk rundt meg. Ein blir god aleine, men ein vert aldri best, så derfor er det viktig med støtte.
7 kjappe med Helland
Sommar eller vinter?
- sommar
Laktat eller feeling?
- feeling
Protein eller karbohydrat?
- Karbo for alle penga!
Intervall eller langkjøring?
- Intervall
Ute på byen eller heime med film?
- Film heime
Adidas eller Nike?
- Adidas
Øl eller vin?
- saft






