Sterkast i norden!

av Hanne K. Lundervold Holtan (29. oktober 2009)

I helga deltok Vebjørn Varlid (19) frå Tambarskjelvar vektløftar klubb og Øystein Robberstad (19) frå Gjøvik Atletklubb på Nordisk meisterskap i vektløfting i Hillerød i Danmark. Begge hadde trena veldig godt i forkant av stemnet og Øystein uttala veka før at han aldri hadde vore i betre form. Varlid var heller beskjeden og haldt korta tett til brystet.

Nordisk juniormester 2009

Robberstad persa i blant anna rykk med 145kg og i støyt med 170kg og samanlagt 315kg dette var også nye norske rekordar i 105 kg klassen for jr. Dette resulterte også til ein klar siger, og Øystein tok heim tittelen som nordisk junior meister 2009. Gratulerar Øystein!! Den smilande guten frå Gjøvik var meget fornøyd uttalte han på tlf til Herregården.
Den som også var med i helga var 19 åringen Vebjørn Varlid. Vebjørn var i god form i forkant av stemnet men han uttala sjølv at det kunne vore betre. Men alt i alt var han godt nøgd med eigen innsats i helga. Der han blant anna tok 155kg(rykk) som ikkje berre var ny personleg rekord, men og ny norsk jr. rekord. I støyt endte Varlid på 183 kg, han blei også nordisk jr. meister. Det enda også med at Varlid tok norsk jr. rekord samanlagt og hadde knappe bom på nordiske jr. rekordar i rykk, støyt og samanlagt.

Alt i alt var dette ei meget god helg for utøvarane. No går dei inn i ein mindre treningsperiode før dei begge to stillar på lag NM i desember, ilag med Yngve Apneseth.

Øystein Robberstad

Øystein Robberstad

Vebjørn Valdi

Vebjørn Varlid

Skrevet av elev Idar Helland